Om penger ....

Pengar har ikkje noko verd i seg sjølv
Du kan ikkje eta dei, ikkje drikke dei,
ikkje kle deg med dei.
Du kunne ha lomma full av pengar
og likevel svelte ihjel , tyrste ihjel -
om det ikkje var mat og drikke og klede
å få. For penger kan en fa alt, heiter det
Nei - ein kan ikkje det.

Ein kan kjøpa seg mat - men ikkje mathug
dropar - men ikkje helse
mjuke senger - men ikkje svevn
lærdom - men ikkje vit
stas - men ikkje venleik
glans - men ikkje hygge
moro - men ikkje glede
kamerater - men ikkje vennskap
tenarar - men ikkje truskap
gråe hår - men ikkje ære
rolege dagar - men ikkje fred

Skallet av alle ting kan ein få for pengar,
men ikkje kjernen, den er ikkje for pengar
fal (tilsalgs)

Arne Garborg