Berre husmor

Berre husmor, det er det eg er.
Eg berre lager mat og vasker opp, gjer reint
og rydder og steller klær.
Eg dyrker grønnsaker, har frukt og bær
g blomstrer gjør det både her og der.
kort sagt. Eg prøver å skape litt heimekos her.
Det er ikkje slike ting som gir poeng
og gjer meg økonomisk rik,
men det gir verdiar ingen kan få kjøpt for pengar,
og eg trives med å ha det slik.

Tenk på morgonstunder utan mas og jag
og frokosten kan nytast utan stress av noka slag.
Tenk når ein skuledag er slutt
å få ta imot si vesle jente eller gut.
Ha tid å prate litt om stort og smått
og få høyre korleis deira dag har gått.
Turke tårene hvis det er leit
og glede seg ilag når alt er greit.

Berre husmor.
Av sume vert det sett på med forakt.
Eit unyttig vesen utan posisjon og makt.
Å stå bak kjøkkenbenken seier dei må være
omtrent det dummaste nokomn kan gjere.
Ein tek visst skade då på både sjel og kropp,
vert mindre vellykka, kjem ikkje fram og opp.

 

 

    Få borna ut av heimen, gå ikkje rundt og tru
at andre ikkje kan ta seg av dei like bra som du.
Dei må lære å omgås andre, vere sjølvstendige og fri,
ikkje slike som helst vil ha ei hand å holde i.
La staten overta oppdragelsen.
La folk som kan det ordne slikt.
Då får alle same påvirkning og alle vert behandla likt.

Berre husmor
Våre styresmakter har aldri meint
at me er verdt å regne med.
Difer er det nesten ingen rettigheter knyttet til det.
Dei har bestemt at i vårt rike
skal alle tvingast til å vera like.
Realiser deg sjølv, tjen pengar, betal skatt,
ellers kan du ikkje vente å få noko att.

Eg synes synd på dei som må
kvar dag levere frå seg sine små.
Som må ut i arbeidslivet begge to
hvis dei skal greie å betale for å ha ein stad å bo.
Men har du lyst og høve til å bruke nokre år
som berre husmor ilag med borna som du får.
La deg ikkje presse til å tru at du er mindre verdt
fordi du brukar tid og krefter heime

på det som er deg kjært.
Det er nok fint å kome ut og tjene pengar i fleng,
men kanskje er det husmødre med bedre tid for
seg og sine som dagens samfunn treng.

Skrevet av: M.Ringvold, Fjerdingby
Avskrift fra «Vårt Land» 17.10.97